Forum: Åpent forum

Velkommen til paneldebatt

I samband med kommune-og fylkestingsvalet inviterer dei politiske partia til den tradisjonelle paneldebatten i Askvoll samfunnshus onsdag 31. august kl. 18.00. Politikarar både frå kommune- og fylkespartia vil vere til stades, og det blir ope for spørsmål frå publikum.

PAINTBALL

Laurdag 18.07.09 kl.17.00 vert det arrangert paintball for ungdom frå 15 år og oppover på grusbana i Askvoll. Dei som er under 18 år må ha med underskrift frå føresette på at dei har lov til å vere med. Prisen er kr. 150,- i prisen inngår 150 skot og drakt.

SOMMARAKTIV ASKVOLL

Fredag 17.07.09 er det duka for sommaraktivitetar for barn i alderen 5-12 år på Øyra i Askvoll (ved båthamna). Det vert påmelding frå kl.10.00 Aktivitetane startar kl.11.00, og som vanleg avsluttar vi med vassklie kl.18.30-19.30

Aktivitetar vi tilbyr;
Fotball, sandvolleyball, riding, kano/kajakk, orientering, bandy, kanonball og vassklie. Vi kjem til å ha ein matpause mellom kl.14.00 og 15.00, der det vert høve til å kjøpe litt mat og drikke. Ta gjerne med matpakke om du vil det.

Pris;
kr. 200,- pr barn, deretter kr. 150,- pr barn. NB! Barn i alderen 5-7 år må ha med føresette.

Alle som deltek får ei t-skjorte og ei drikkeflaske :)

Annonse